Stjernelaget

Det er ingen fjuskelappar gøymt i stjerna eller tekst i handflatene. Songane er friska opp og «Julestjerna» sit som støypt. Bortsett frå ei kongekrone som har gått opp i liminga.

Stjernelaget: Gunnar Roaldsnes er stolt over sitt dyktige stjernelag på Valderøya. F.v. Oliva Drøpping Sæther (Jødenes Konge), Tuva Nikoline Roaldsnes Sæther (Den Sorte), Maria Folde (Stjerneførar), Andrea Roaldsnes Sæther (Nasarets Konge) og Ina Dajann Ervik (Josef). Julestjerna er ei finurleg innretning kopiert etter ei gamal vigrastjerne, og den er bygd av Gunnar og faren Fritjof i 1987. Stjerna kan dreiast rundt sin eigen aksling, og gir eit fint lys gjennom dei farga glasa. 

pluss

«God aften i huset, så mange her er. God aften i huset, så mange her er. Vi ønsker dere alle en julefest kjær».