Helgapraten:

Saknar lukta av poststøvet

– Åh, seier ho og sukkar smilande. – Juletrafikken i Posten er eit nydeleg helvete.
pluss

No, like oppunder jul, saknar Ingeborg Anne Sætre lukta av poststøv. Om ho lukkar auga og kjenner etter veit ho akkurat korleis lukta er. Ei god lukt for Ingeborg, som når som helst kan mane fram kjensla av ein postsekk mellom hendene, smaken av frimerkelim på tunga og lyden av stempelet som sikrar at endå ein julepakke er på veg.