Kyrkjemøtet i Trondheim:

Klokkar og biskop er splitta om homofile

Skal homofile få gifte seg i kyrkja? Dette blir eit viktig spørsmål på kyrkjemøtet som startar onsdag.

Kyrkjemøte: Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, og Olav Myklebust deltek begge på kyrkjemøtet som opnar onsdag denne veka. Søndag møttest dei i samband med bispebesøket på Sandsøya, i Myklebust sin heimkommune Sande. – Vi møttest med ein god klem. Vi kan vere vener og meine forskjellig, sa biskopen til ei fullsett Sande kyrkje då spørsmålet kom opp. 

Eg synest det er vanskeleg å sjå bort frå orda som Jesus sa om ekteskap

Ingeborg Midttømme
pluss

Olav Myklebust frå Gursken er klokkar og homofil. Han representerer Open kyrkjegruppe og er utsending til Kyrkjemøtet i Trondheim denne veka.