Leiar 8. april:

Europa Nostra til Storfjordens Venner

pluss

Det er all grunn til å gratulere Storfjordens Venner med tildelinga av den høgthengande kulturminneprisen Europa Nostra. Gjennom 120 ulike restaureringsprosjekt langs fjordane på Indre Sunnmøre, har Storfjordens Venner teke vare på ein heilt unik verdsarv som elles ville ha rotna opp og falle saman.