Leiar 8. april:

Turne og stupe for å sleppe skatt

Ikkje ulovleg å etablere konto i eit skatteparadis, men det er neppe lurt

pluss

Den Norske Bank og Nordea har ikkje plassert pengar i Panama for å spare skatt, men dei har laga opplegg for kundar som ønskjer å gøyme vekk formue i bankar i Panama for å spare skatt. Det å opprette ein bankkonto i eit skatteparadis er ikkje ulovleg. Til og med staten driv med det til dømes gjennom det statlege utviklingsfondet Norfund. Bankane har sikkert ikkje tent så mykje på denne tilrettelegginga, og har sett på det meir som eit servicetiltak. Men det er liten tvil om at dette har handla om skattesnyteri, og at det difor her i landet og i dei fleste vestlege land, er blitt oppfatta som kontroversielt. Derfor avvikla då også bankane denne ordninga i 2010.