ME-forskarar til konferanse i Stryn

Liggande heime i mørket brukar Agnete Skrede (31) frå Stryn alt det vesle ho har av krefter til å kjempe for ME-saka.

Før: Før ho vart sjuk av ME, var Agnete Skrede ei svært fysisk aktiv jente. Ifølgje mora Ester Anny Skrede, lengtar Agnete veldig etter å kunne gå på fjellet igjen. Privat foto. 

Eg har ikkje eingong energi til å tenke ein tanke

ME-sjuke Agnete Skrede
pluss

I over fire år har Agnete Skrede vore skjerma for lys, lydar, lukter og alle slag sterke inntrykk. Mesteparten av tida er ho inne bak nedtrekte gardiner, i mørke rom. Smerter og kraftløyse er kvardagen hennar, sjølv dei minste gjeremål er store hinder.