Motstand mot endring i kommunane

Struktur: Det er klart fleirtal på Stortinget for at det er behov for større kommunar. Det er liten grunn til å tru at det fleirtalet vil forsvinne med det første, og heller ikkje etter valet neste år.Foto: Knut Arne Aarset 

pluss

I 1992 la det såkalla Christiansen-utvalet fram si innstilling om kommunestrukturen. Då uttalte leiaren, tidlegare statsråd og dåverande fylkesmann, Ragnar Christiansen, at utvalet hadde vore innom alle kommunar og spurt dei om dei ønskte å gjere om på dei kommunesamanslåingane som Schei-komiteen gjorde framlegg om tidleg på 1960-talet. Ikkje ein einaste representant dei snakka med, ønskte å gjere om på dei større kommunane som vart resultatet. Christiansen konkluderte med at motstanden mot kommunesamanslåing først og fremst er ein motstand mot forandring. Det er ein observasjon som vel er gyldig også i dag.