Lever med nynorsk i Bærum

- Nynorsk er ein sjølvsagt og naturleg del av meg, seier Ruth Lillegraven, årets festspeldiktar på Dei nynorske festspela.

Festspeldiktar Kjartan Fløgstad var første festspeldiktar for Dei nynorske festspela i 1994. Ruth Lillegraven synest det er ei ære og ei glede å få vere årets festspeldiktar. Her er ho ved statuen av Ivar Aasen i Ørsta.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

pluss

Ruth Lillegraven (37) er frå i Granvin, men bur no i Bærum. Ho debuterte som forfattar med boka "Store stygge dikt" i 2005. Sidan 2015 har ho vore forfattar på heiltid.