Veteranar klare for 25. gong

Fem karar med varierande grad av grått hår, har vore med i Herøyspelet sidan starten i 1991. I helga er dei klare igjen.

Vi er som ein stor familie, alle som er med i Herøyspelet

Roar Skogland / Sigurd Nygård
pluss

I år det 25. året at Herøyspelet «Kongens Ring» vert framført i uteamfiet på Herøy kystmuseum. Roar Skoglund (71), Gunnar Sydhagen (66), Magnar Lillestøl (64), Bjørn Holum (57) og Sigurd Nygård (55) har sidan starten hatt roller i sogespelet som vert kalla «Vikingmusikalen i havgapet». Nokre av dei har hatt same rolle gjennom alle desse 25 åra, andre har prøvd seg i ulike karakterar.