Ser sollyset i tunnelen:

Hareid-bedrift trur solcellepanel blir allemannseige

Hareid Group satsar på solcellepanel. Frå årsskiftet kjem nye reglar som gjer det lettare for privatpersonar å «sjå lyset» i solenergien.

Såg lyset Solenergi på alle kantar då statsminister med følgje og pressefolk på slep tok turen opp på taket for å sjå på solcellepanelet til Hareid Group. Trass i sine 7500 kvadratmeter er bygget i stor grad sjølvforsynt med straum og sensorar styrer energibruken. Sjølve solcelleteknologien blir kjøpt inn og styrken til det lokalt eigde elektrokonsernet, er kunnskapen om korleis ein skal nytte energien mest effektivt.  Foto: Marius Rosbach

Vi har kanskje vore litt for skeptiske til om Norge er landet for solenergi

Erna Solberg
pluss

Hareid Group har det tredje største solcelleanlegget i landet på taket av sitt nye administrasjonsbygg ved Raffelneset. Dei 1600 kvadratmetrane med «lysceller» – som dei sjølv likar å kalle dei – står sentralt i arbeidet med å utforske ein marknad dei trur blir vil vekse.