Mot Helg:

Festivalfrelst som femåring

Berre fem år gamal var Ådne Nes Kleppe på den første rockefestivalen Malakoff på Eid. Berre sytten år gamal er same guten superveteran på festivalen - som i år fyller tretten år og blir tenåring.

Å selje klede og effektar for Malakoff-festivalen har vore ein viktig del av sommarjobben til Ådne Nes Kleppe fram mot den store rockemønstringa på Eid denne helga. 

pluss

1. Kva skal til for at det blir ei god helg?

Denne helga blir det definitivt at eg kan ta fri frå sommarjobben og oppleve dei største forventingane mine på årets Malakoff-festival. Desse er Iggy Pop og Odd Nordstoga – og festivalstemninga.