Reaksjonane i Fosnavåg etter Rem-Aker/Solstad-fusjonen

– No kjem gribbane og skal plukke til seg

Det er ikkje tvil om kva folk meiner om torsdagens samtaleemne på det lokale bakeriet i Fosnavåg. Her er alle på fornamn, og alle er på Åge sitt lag.

Samstemde Bakerigjestane Liv Runde, Ivar Sulebakk (midten) og Anders Nærø med sonen William er skeptiske til at Solstad og Aker kjem inn som nye eigarar i Rem Offshore.  Foto: Marius Rosbach

pluss

Ord som «tragedie», «galskap» og «trist» og er mellom de første reaksjonane frå gjestane tidleg torsdag ettermiddag. Folk har fått med seg nyheita om at Rem Offshore blei det første lokale reiarlaget som måtte legge inn årene, og gå inn i folden hos Solstad og Aker.