Kjempar for jobbane i Lånekassen

– Kvifor skal alt sentraliserast til Oslo? Å legge ned Lånekassen sitt kontor i Ørsta vil vere eit tap for heile regionen, seier tillitsvald Borgny Molnes.

tillitsvald: Borgny Molnes er tillitsvald for dei tilsette ved Lånekassen sitt kontor i Ørsta. Ho sit også i styret sentralt i Lånekassens tenestemannslag. Både ho og dei andre tilsette i Ørsta er fortvila over framlegget om å legge ned kontoret som har 19 fast tilsette og tre i mellombelse stillingar. 

Det er alvorleg å miste 22 statlege arbeidsplassar i regionen

Borgny Molnes
pluss

Sist torsdag fekk dei tilsette sjokkmeldinga om at leiinga i Statens lånekasse for utdanning vil legge ned kontoret i Ørsta.