Kristenfeministen:

– Altfor få kvinner i media

Den einaste grunnen til at Therese Utgård sa ja til dette intervjuet er at ho meiner det er altfor få kvinner i media.

Eg var sengeliggande i tre-fire år, men fekk ikkje rett diagnose.

pluss

Ikkje for det, ho har mykje ho vil ha sagt. Men Therese sleng ikkje med kjeften berre for å gjere det, ho har alltid ein grunn. Og det er ganske ofte. Sist ho fekk nasjonal merksemd var no nyleg, då ho fortalde at det finnast legar som gjer «jomfruhinnesjekk» av unge, muslimske jenter. Therese, som sjølv er lege, jobbar for nettstaden Klara Klok, der unge anonymt kan sende inn spørsmål til fagpersonar innan helserelaterte tema. Ho fortel at Klara Klok kvar veke får spørsmål knytt til sjekk av jomfruhinna. Fleire fortel at foreldra har tatt dei med til lege, som har gjort underlivssjekk av dei.