Mot helg:

Geir Holmen fyller helga med aktivitetar

Kultursjef Geir Holmen i Eid prøver å presse inn så mykje som mogleg i løpet av ei helg. Denne helga blir det både kulturnatt i Nordfjord, vennelag på Kraftstasjonen i Måløy, og truleg ein tur ut i naturen.

Operahuset: Kultursjef i Eid kommune, Geir holmen, skal vere både publikummar og på jobb under kulturnatt i nordfjord. – dotter mi skal danse og spele i operahuset, saman med mange andre flinke kulturskuleelevar. Anna og Vilde kjem sjølvsagt, og det gjer også Indigo Child, seier Holmen. Arkivfoto: Anne-mari Tomasgard 

Å ta turen til Torheim for å fiske er alltid kjekt

pluss

Kva skal til for at det blir ei god helg?

– Når eg får vere ein del ute, og saman med borna mine og familien, då er det ei god helg. Elles brukar eg gjerne helga til jakt og fiske, eller til kultur – og gjerne begge deler. Eg prøver å presse inn så mange aktivitetar som mogleg i løpet av ei helg.