– Det er trist å gå no, men om eg ikkje hadde gjort det ville eg gått på ein kraftig smell og blitt sjukmeldt

Varaordførar i Skodje, Aina Strand (Ap), gir seg i politikken. Kombinasjonen jobb, heim og lokalpolitikk blei for tøff.

Tida strekk ikkje til Onsdag kveld får Aina Strand høgst truleg varig fritak som varaordførar i Skodje. Etter å ha prøvd i eitt år er konklusjonen til Strand at ho ikkje greier å kombinere vervet med full jobb, born og heim, Strand håpar at saka hennar kan setje fokus på at store grupper opplever det som vanskeleg å kunne engasjere seg i lokalpolitikken, tida strekk ikkje til.  Foto: Nils Harald Ånstad

Eg trur ikkje folk flest veit kor mykje dugnadsarbeid det er knytt til lokal-politikken

Aina Strand
pluss

– Det følest som eit nederlag. Eg trudde eg kunne bevise at det var mogleg å kombinere jobb, foreldrerolla og vervet som varaordførar. Men det gjekk ikkje.