Dankar ut nasjonale og internasjonale bestseljarar:

Lokale bøker under treet

– Bestseljarane kjem litt i skuggen av dei lokale bøkene no i førjulstida.

Lokale bøker: Kirsti Helen Elvebu (t.v.) og Marianne Brandal Haugen hos Notabene Blåhuset i Ulsteinvik, viser fram eit utval av nye bøker av lokale forfattarar. – Vi har selt haugevis av lokale bøker, og historielaga i Ulsteinvik og Hareid sine årsskrift, fortel dei to damene.  Foto: Hild Nordal

pluss

Kirsti Helen Elvebu hos Notabene Blåhuset i Ulsteinvik fortel at bøker av lokale forfattarar går unna som varmt kveitebrød – mange på ytre Søre Sunnmøre kjem til å finne harde, firkanta pakkar under treet denne jula.