Hans Olai Tuene (10) hospitant ved Operaballetten i Oslo:

Draumen er å bli proff ballettdansar

Øvingstimane i ballettsalen gir resultat for 10-åringen frå Sjøholt. Hans Olai Tuene blir hospitant ved Operaballetten i Oslo.

Eleganse Med lette og elegante trinn svevar Hans Olai Tuene over golvet i øvingslokalet ved Ålesund Ballettskole. No ventar undervisning ved ballettskolen ved Den Norske Opera & Ballett i Oslo.  Foto: Nils Harald Ånstad

– Skal eg klare å oppfylle draumen min om å bli ballettdansar må eg danse veldig mykje. Men det er det eg vil.

Han Olai Tuene
pluss

– Det blir gøy å reise til Oslo for å danse saman med andre gutar. Litt skummelt, men mest kjekt. Draumen min er å bli profesjonell ballettdansar.