Arrangerer konsert med Samklangkoret:

Dirigent Svein Eiksund takkar for livet

– Eg kjende meg dødsdømd av kreft. Når eg så vann livet i gåve, gjer eg alt i mi makt for å takke.

Katedralen Her i Volda kyrkje har Svein Eiksund dirigert mange av sine største musikalske opplevingar. – Den aller største kjem under takkekonserten, trur Eiksund. Her forsterka med kamerat og konsertkonsertkonfransier Øyvind Holsvik t.v. og kyrkjetenar Arild Andenes som deltek på trompet. Konserten går i Volda kyrkje den 18. mars. 

pluss

Svein Eiksund fekk ikkje berre eit helseskot for baugen – han fekk ei sjokkmelding på liv og død – framfor dataskjermane på Volda sjukehus. Ein svulst på ufattelege ti centimeter i diameter hadde vakse fram i brystet hans. No var svulsten i ferd med å ete seg inn i ryggmergen og ville vere uråd å fjerne, var sjokket Svein Eiksund måtte ta på ståande fot.