Mista jobben i oljekrisa og omstiller seg slik regjeringa vil, men får ikkje støtte frå Nav

Omstilling blei økonomisk mareritt for Gina (56)

– Skal eg måtte seie frå meg studieplassen og bli 100 prosent «navar»?

ARBEIDSSØKJAR: Gina Bjørdal frå Ørsta ønskjer seg mange nye år i arbeidslivet og har teke utfordringa med å omstille seg til lærar i yrkesfag. Ho har frå før solid utdanning, samt 18 års praksis frå industrien. Og ho gler seg til å dele kunnskap med elevar som snart skal ut i yrkeslivet.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

pluss

Gina Bjørdal (56) stiller spørsmålet etter to avslag på søknad om dagpengar. Ho har nemleg valt å omstille seg og tek deltidsutdanning for å bli lærar i yrkesfag, etter at ho i fjor mista jobben i Rolls-Royce.