Bourbon-ulukka har endra skipsdesignen

Eit blikk på dei nye ankerhandteringsskipa til Maersk og 2006-bygde Bourbon Dolphin viser korleis designarar tenkjer annleis etter ulukka der offshoreskipet kantra.
pluss

Minnemarkering etter Bourbon Dolphin-ulukka:

– Forliset pregar framleis offshoremiljøet

Onsdag 12. april blir det heldt minnemarkering i Herøy kyrkje etter Bourbon Dolphin-forliset.

Ti år etter ulukka jobbar framleis både norske og internasjonale sjøfartsstyresmakter med endringar som følgje av Bourbon Dolphin-ulukka. Men mykje av det ein lærte etter ulukka blei vel å merke tidleg teke i bruk av reiarlaga, etter at styresmaktene la fram fleire strakstiltak.

Tryggare design

Eit døme på korleis tenkjemåten har endra seg etter ulukka, kan ein sjå på dei nye ankerhandteringsskipa Kleven bygger for Maersk. Med «stuttare» akterdekk, høgare fribord og ei anna vektfordeling mellom overbygg, skrog og utstyr, har skipa frå Salt Ship Design eit design som skal gi betre stabilitet og gjere at skipet toler meir krenging.