Kaieigaren i Hundeidvik søkjer eksperthjelp:

Trålarvraket ligg heilt fast i gjørma

Den havarerte russartrålaren «Krasnoselsk» har sokke ein meter ned i seig gjørme. No vil kaieigaren hente inn ekspertråd.

VRAKET: Den russiske trålaren «Krasnoselsk» ligg på sjøbotnen i Hundeidvika i Sykkylven. Det har den gjort sidan 2.juledag 2011. FOTO: HARALD FAUSKE 

pluss

Fredag forsøkte dei ved hjelp av eit ankerhandteringsfartøy å flytte på vraket i Hundeidvik. Men det sat bom fast.