Må klare seg utan sjokolade, men kaffi er unnataket.

Berre norsk mat i eit heilt år

Appelsinar? Nei, takk. Heller ikkje majones, kaviar eller sjokolade, chips og marsipan for den del. Men kaffi går. Og øl.

Draum – Vi har alltid hatt ein draum om å skaffe oss eit småbruk, med eigen kjøkkenhage der vi kan dyrke eigne grønsaker. Kanskje kjem vi etter kvart til å ha dyr gåande her også. Vi leita lenge og til slutt fann vi dette. Vi ville bu litt sentralt. Her på Leikong har dei greidd å tvihalde på skulen. Siste fem-seks åra har elevtalet auka frå 50 til 80 og dei har bygt på skulen. Her er også butikk og idrettslag. Mange unge flyttar heim og bygg seg hus på garden, men det er også dei som flyttar hit utan tilhøyring, fortel Lene og Øyvind Havåg.  Foto: Staale Wattø

pluss

Lene (30) og Øyvind Havåg (38) har sett seg sjølve på prøve. I eit heilt år.