Einaste ubåt av sitt slag i Norge

O.E Hagen AS Dykkerfirma i Stryn har investert 10 millionar kroner i ein ubåt som det finst berre tre av i verda.
pluss

(Fjordingen) Den ubemanna ubåten, eller ROV’en (remotely operating underwater vehicle) er laga av Sperre AS på Notodden og har ein prislapp på mellom åtte og ni millionar kroner. Den samansetjinga av utstyr som denne ubåten har, er det berre to andre ROV’ar i verda som skal kunne matche. Den kan nemleg gjere innvendige inspeksjonar av vasskrafttunnelar opptil seks kilometer.