Skulptør Leon Roald:

I hus med hundre damer

Leon Roald får ikkje ro i sin eigen heim. I stova skaper hundre kvinneportrett ufred. Skulptøren håper damene snart får seg andre heimar.

Eg er rett og slett gåen av damene. Dei gir for mange tilbakemeldingar

pluss

Det er svært anstrengande å bu i hus med så mange damer. Dei pratar for mykje, og nærmast klandrar meg fordi eg har skapt dei slik eg har gjort. Går eg inn i stova, får eg gjennomgå. Damene jagar med ut: kom deg tilbake i verkstaden og lag noko skikkeleg, ropar dei!