Tiltale med 21 år strafferamme

Far tilstår overgrep mot eiga dotter

Ein småbarnsfar i 30-åra vedgjekk seksuelle overgrep mot si eiga dotter, då rettssaka mot han starta i Søre Sunnmøre tingrett torsdag.

FORSVARAR Advokat Erling Flisnes meiner saka har hatt så lang liggetid hos politiet, trass i at tiltalte vedgjekk skuld allereie i første avhøyr, at dette må kome tiltalte til gode i straffeutmålinga.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

pluss

Aktor, statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim, har teke ut den alvorlege tiltalen mot sunnmøringen, etter ordre frå Riksadvokaten. Strafferamma er 21 år fengsel.