Rettssak mot overgrepstiltalt far:

Krev fengsel i 4,5 år

Mannen i 30-åra som har tilstått seksuelle overgrep mot si eiga dotter, er innstilt på å sitje lenge i fengsel. Aktor meiner 4,5 år fengsel er rett straff.

Rettssak: Forsvarar Erling Flisnes og aktor Ingvild Thorn Nordheim er einige i at det er unikt at ein far har tilstått seksuelle overgrep, slik mannen som denne veka har møtt i Søre Sunnmøre tingrett har gjort. Men dei er usamde i kor lang strafferabatt han skal få for tilståinga. Mannen sat 19 dagar i varetekt etter at han blei sikta for overgrepa, og er budd på å sone ei lang straff.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

pluss

Utan tilståinga meiner aktor at seks år fengsel ville vere rett straff for ein far som ved seksuelle overgrep har brote tillitsforholdet til eit barn.