Deltek på tur frå Trondheim til Oslo med Stine Sofie-stiftinga

Går 64 mil for kampsak

Beate og Knut Sverre Nes skal denne sommaren ut på ein lang marsj til støtte for ein barndom utan vald.

Trenar Mellom ti og 15 personar vil truleg gå heile turen frå Trondheim til Oslo i august, men det er også mogleg å vere med på kortare etappar undervegs. Beate Nes og Knut Sverre Nes frå Austefjorden i Volda trenar til turen i nærområdet, med tunge sekkar på ryggen. Støtte til arbeidet for å hindre overgrep mot barn er det viktigaste med turen, men dei legg også vekt på helsegevinsten ved å kome i betre form.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

pluss

Ekteparet frå Austefjorden i Volda har ferieplanar utanom det vanlege i år. Dei skal vere med Stine Sofies Stiftelse på «640 kilometer for en barndom uten vold». Turen startar i Trondheim 31. juli og endar ved Stortinget i Oslo 28. august. Planen er å gå heile vegen.