Meretes Garden i Valldal:

Finn roa under open himmel

Fuglekvitter gjer slutt på natteroa i senger med dundyner under teltduken. Utkvilte etter ei natt tett på naturen opnar venninner opp for meir avslapping og ro.
pluss

Monica Alvestad og Marianne Haugen pustar djupt og let kroppen søkke mot bakken. På nyslått grønt gras mellom kirsebærtre og fem store, kvite bomullstelt i Meretes Garden i Valldal utfører venninnene frå Vatne morgon-yoga.