Runde fyr feirar jubileum

Frå bålpanne og kol til automasjon

I 250 år har Runde fyr stått som eit standfast lyspunkt ytst på Sunnmøre.
pluss

Turen startar i Goksøyra på fugleøya Runde. Sola kikar så vidt fram ifrå eit skylag som prøvar å halde ho tilbake. Ei småguffen tarelukt ligg i lufta denne torsdags morgonen, noko ho ofte gjer i dei stormherja fjøresteinane her ute. På parkeringsplassen står tre folk som etter kledninga å døme ikkje har tenkt å ligge på latsida. Det er syskenparet Oddbjørg Remøy og Harald Jarl Runde saman med deira nevø Magne Runde. I dag skal dei besøke eit klenodium. Ein historisk stad som i dei siste 250 åra har vore “de Søefarende til Hjelp og Tieneste” sagt med Harald Jarls eigne ord: Runde fyr.