Turistdebatten i Geiranger rasar vidare

– Bilete er meir nyansert enn forureinande blårøyk

Debatten rasar kring verdsarvfjorden i Geiranger, men ikkje alle er nøgde med bilete som blir teikna av Geiranger om dagen.

Omdiskutert: Turiststraumen i Geiranger har i det siste vore eit omdiskutert tema. For negativt, meiner lokale.  Foto: Marius Simensen

pluss

– I det siste har eg følt at det har vore mykje negativt vinkla saker om Geiranger. Og eg må seie at eg ikkje kjenner meg heilt igjen i bilete som blir teikna av situasjonen her, forklarer Rita Berstad Maraak. Ho er hamnesjef i Stranda kommune.