Helgapraten: Festivalkomponist Bertil Palmar Johansen:

Hjernecellekomponisten

Han var 17 år og rockegitarist, hadde nyss treft si framtidige kone på folkehøgskulen i Ørsta og tok buss til Ålesund. Der bytte han bort gitaren og fekk fela igjen. Karrieren var i gang.

Festivalkomponist Onsdag byrjar Fjord Cadenza, festival for klassisk musikk. Årets festivalkomponist er Bertil Palmar Johansen. Festivalen opnar med hans nye stykke til festivalen, «Cadenza Dans». Publikum får også høyre andre verk av den produktive sunnmørskomponisten, som har skrive over 120 verk. 

pluss

Han omtalar seg sjølv som ein litt engsteleg type, i alle fall når han har teke på seg eit oppdrag og ikkje heilt veit korleis det ender. Då kjem alt til å gå gale, og det blir nokre dagar med stiring i veggen. Men det er dei vant til, både kona Aslaug og dei tre borna som alle har tatt musikkutdanning og spelar strykeinstrument. Aslaug synest sikkert det er berre herleg, trur Bertil, då pratar han i alle fall ikkje den stunda.