Næringslivet slit etter at vegen over Utvikfjellet vart stengt

Vurderer nedbemanning etter flaumen: – Tapar ein million i veka

Etter at vegen over Utvikfjellet vart stengt som følge av flaumen har næringslivet fått kjenne på dårlegare omsetjing. Mange bedrifter er heilt avhengige av turismen for å gå rundt.

Henning Skogstad er dagleg leiar i Skogstad Sport i Innvik.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

pluss

(Fjordingen) – Vi har merka ein kraftig nedgang i salet etter at Utvikfjellet vart stengt. Vi låg an til rekordsommar, men no ser det ut til at vi vil tape mellom fem og seks millionar i omsetjing fram til vegen blir opna igjen, seier dagleg leiar i Skogstad Sport AS, Henning Skogstad.