Her datt gut gjennom taket og fall 4,5 meter

To ungdommar ville lage filmsnutt frå taket på skulen, då det gjekk gale. Den eine av dei deisa gjennom ein pleksiglaskuppel og landa inne i skulen, etter eit fall på 4,5 meter.

Tak Ein ungdom hoppa på ein av kuplane på skuletaket, deisa gjennom taket og enda på golvet inne i skulen, så godt som uskadd.  Foto: Herøy kommune

pluss

– Det er kjempeflaks at det ikkje blei større skade. Eg er først og fremst glad for at det ikkje gjekk verre, seier rektor Vidar Kalland ved Stokksund skule i Herøy.