– Dette var systemsvikt

Lars Henrik Hasund var ein av dei som mobba Glen Børge Løset Flø på barneskulen. Han ønskjer Glen Børge alt godt, men er ikkje einig i at det er Ulstein kommune som eine og åleine skal ha skulda for det som skjedde den gongen.

Står fram Lars Henrik Hasund var ein av dei som mobba Glen Børge Løset Flø på barneskulen for rundt 20 år sidan. Han respekterer fullt og heilt at Løset Flø ville prøve saka si i retten, men meiner samstundes at Ulstein kommune ikkje skulle hatt all skuld i saka.   Foto: Ole-Ottar Høgstavoll, Vikebladet

pluss

(Vikebladet)  Onsdag i førre veke blei Ulstein kommune dømt igjen. Ankesaka i Frostating lagmannsrett var nok ei tøff påkjenning for Glen Børge Løset Flø, som til slutt vann fram også i denne rettsinstansen. Ulstein kommune blei dømt til å betale Løset Flø erstatning for personskade på over 1.3 millionar kroner, i tillegg til å dekkje sakskostnadane hans.