Glen Børge Løset Flø om Ulstein kommune:

– Ein del av systemet

Glen Børge Løset Flø svarer slik på utspelet til Lars Henrik Hasund:

Har vunne fram. Glen Børge Løset Flø har så langt vunne fram i både Sunnmøre tingrett og Frostating lagmannsrett. Han respekterer meiningane til ein av dei som mobba han på barneskulen, Lars Henrik Hasund, men meiner likevel at Ulstein kommunen er ein del av systemet Hasund meiner svikta, og ikkje minst ein representant for det.  Foto: Olav Standal Tangen

pluss

(Vikebladet Vestposten) «Eg vil starte med å seie at eg ikkje har nokon vond tanke mot dei som mobba meg i grunnskulen, i dag. Rett og slett fordi at vi var born på den tida og fordi born er stygge mot kvarandre nokre gonger. Og det var heller ikkje berre vonde minner frå den tida.