Haustens klassikar med premiere i Ørsta laurdag

Teatret Vårt med krass komedie

Menneskeleg flokkmentalitet og (mangel på) mot til å tenkje sjølv er tema når nashorna stormar kulturhuset i Ørsta.

Kritikk Skodespelar Bjørnar Teigen i rumenske Ionescos «Neshornet». Stykket blir tolka som eit bilde på fascismens framtog på 30-talet, men har også relevans til dagens samfunn, meiner Teatret Vårt, som no skal spele førestillinga i Ørsta, Fosnavåg, Ålesund, Ulsteinvik og Brattvåg.   Foto: Arild Moen

pluss

Konseptet «å følge flokken» blir tatt på rammaste alvor i det som blir omtalt som eit urovekkande men også hysterisk morosamt skodespel.