Selskap på Godøya har skaffa seg forsprang på konkurrentane

Lokalt selskap på viking-tokt i ny bransje

Gamle båtvrak er og blir eit stort miljøproblem. Men no tilbyr staten vrakpant og eit lokalt selskap gratis transport.

MOTTAK I dag blir båtvrak frakta landevegen hit til kaia her i Geilevika på Godøya. Men på sikt er målet at vraka i større grad skal bli frakta med båt. Hamna ligg lagleg til, ikkje så langt frå skipsleia. Frå venstre Harald Breivik, Geir Istad og Per-Kristian Istad.  Foto: Staale Wattø

pluss

I Geilevika på Godøya har nystifta Viking Gjenvinning AS funne ut korleis ein kan gjere god butikk av gamle båtvrak. Eit industriområde på 4.000 kvadratmeter, der det tidlegare var fiskemottak, er under ombygging. Anlegget blir unikt.