Mor og leiar i Volda mållag, Gudrun Kløve Juuhl, krev applikasjonar på nynorsk

Protest mot bokmålsapp

– Eg synest det er nokså ille at applikasjonane på barneskuleelevane sine i-paddar skal vere på bokmål.

Protesterer: Gudrun Kløve Juuhl har sjølv born ved barnetrinnet her på nye Øyra skule i Volda. – Eg synest at når det vert gjort ei slik storinvestering med innkjøp av nettbrett til alle elevane i barneskulen, så skulle det vore gjort maksimalt for å sikre at applikasjonane er på borna si naturlege målform, seier ho. 

pluss

Dette seier Gudrun Kløve Juuhl, som sjølv er mor til ein elev på barnetrinnet ved nye Øyra skule – i skulebygda Volda. Ho er også leiar i Volda mållag, og ho har saman med fleire i mållaget vendt seg til oppvekstseksjonen i kommunen. Kommunen svarte med å invitere til eit møte om saka. Men Kløve Juuhl synest ikkje det kom noko særleg ut av dette møtet.