Studentar med klebyttedag

Bytta på brukte bukser

Klebytte sparer miljø og er bra for ei slunken studentlommebok. Det er tanken bak klebyttedagen som Ålesund studentsamfunn arrangerte søndag.

Byttedag Tomas Paulsen og Ingrid Kvammen håpar klebyttedagen kan bli arrangert årleg i Ålesund.  Foto: Nils-Harald Ånstad

pluss

– Tanken er at alle har mykje klede som dei ikkje brukar. Dei gir kleda til Fretex, men kvifor ikkje køyre kleda gjennom ein bytteprosess først, seier Tomas Paulsen i Ålesund studentsamfunn (ÅSS).