Manglar hundre meter gangveg – skuleborn må gå langs tøff biltrafikk til og frå ferja

Må gå usikra langs E39

– Det kan aldri kome på tale å late borne våre gå åleine langs denne vegen.

Skummelt: Andreklassingen Alyssa (7) synest trafikken langs skulevegen er svært skummel, sjølv om ho går midt mellom pappa Per Eldar Lindvik og storebror Adrian (11). – No prøver vi å gå når trafikken er på det minste – midt mellom to ferjeavgangar. Eg torer nesten ikkje tenkje på korleis det vil bli når det snart vert tre ferjer og nesten kontinuerlege avgangar i Festøy-sambandet, seier pappa Lindvik. 

pluss

Dette seier tobarnsfar Per Eldar Lindvik som bur med familien nokre hundre meter nord for Barstadvik sentrum i Ørsta. Kvar einaste morgon er han på plass i gul refleksvest og følgjer borna trygt mellom heimen og fram til haldeplassen der skulebussen plukkar dei opp.