Milliardprosjekt i Torvik får igjen utsett byggefrist

– Prosjektet trenerer totalt for andre som vil utvikle noko her

– Eg likar ikkje å klage. Men det er påfallande at ei bedrift får halde det gåande i nærare tolv år utan å byggje noko som helst.

Treng utviding Dagleg leiar Aasmund Torvik i Lextor Marine as framfor produksjonsbygningen på Bølandet. – Det er svært vanskeleg for oss å kunne utvide til ønska areal, så lenge arealet på alle kantar er bandlagt av eit selskap som får stadige utsetjingar på alt dei ber om frå kommunen, konstaterer Torvik.  Foto: Knut Arne Aarset

pluss

Dette seier dagleg leiar Aasmund Torvik i den lokale bedrifta Lextor Marine as, etter at formannskapet i Herøy kommune tysdag endå ein gong gav selskapet Nordic Resort utsetjing på innlevering av byggemelding.