Etter fleire utforkøyringar i Hornindal:

Forsterkar, set opp autovern og justerer brøytestikker

Etter dei mange utforkøyringane på fylkesveg 60 i Hornindal siste dagane set vegvesenet i verk fleire tiltak.
pluss

(Fjordingen) – Utforkøyringa rett før krysset til Seljeset søndag kveld skjedde på ein stad med bratt kant. Difor sette vi straks i gang forsterking av veggrøfta. Så vert det sett opp autovern her så snart det let seg gjere, seier Lars Karlsen, prosjektleiar drift og vedlikehald ved Statens vegvesen Fjordane.