Heime på juleferie i Ulsteinvik etter The Voice-eventyret:

– Tusen takk til alle!

Karina Pieroth kan endeleg senke skuldrene og ta juleferie etter det som har vore ein heilt spesiell haust. Songfuglen fortel at deltakinga i The Voice tente ein ny gneiste i ho.

Karina på heimebane Ho storkosar seg på juleferie heime i Ulsteinvik, Karina Pieroth. Det har vore ein travel, men veldig spanande haust for songaren, men det er ei samla oppleving ho aldri ville vore forutan. – Det gav meg tilbake viljen og gleda ved å synge, fortel Pieroth til Vikebladet Vestposten.  Foto: OLE-OTTAR K. HØGSTAVOLL, Vikebladet

pluss

(Vikebladet) – Så definitivt. Det var ei utruleg spesiell oppleving. Eg var faktisk på eit stille der eg ikkje var så veldig lysten på å synge så mykje lenger. Eg hadde mista litt gneisten. Så fekk eg ein telefon, der eg blei oppmoda om å melde meg på The Voice, seier Karina.