Borgund vidaregåande skule fekk dreiebenk i julegåve frå Jets Vacuum AS:

– Vi er enormt takksame

Kven likar vel ikkje harde julegåver? Like før jul gav vakuumtoalettprodusenten Jets ein dreiebenk i gåve til Borgund vidaregåande skule.

Tre tonn tung Jan Helge Skomsøy (t.v.) er ingeniør ved FoU-avdelinga til Jets Vaccum, medan Tor Rønnestad (t.h.) er forsking- og utviklingsleiar i verksemda. Torsdag overrekte dei denne om lag tre tonn tunge dreiebenken til Borgund vidaregåande skule ved avdelingsleiar Rune Frøystad (midten). Bak står Morgan Jelle i Peder Naalsund Transportforretning AS, som stod for transporten av «beistet» frå Hareid til den vidaregåande skulen i Spjelkavik.   Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL /Vikebladet Vestposten

pluss

(Vikebladet) – Kvifor skal den stå her og støve ned, når den kan nyttast til å trene opp dei som representerer framtida i bransjen? Valet var enkelt for oss, denne maskina veit vi at andre kan få mykje betre nytte av. Vi er veldig glade for å kunne gi den ein ny heim i Spjelkavika, seier Tor Rønnestad, forskings- og utviklingsleiar i Jets Vacuum AS.