Sunnmørsposten delte ut tre prisar

Heidra for kampen for demokratiet

Ekteparet Ragnar og Jenny Hermine Ulstein har fått Sunnmørspostens heiderspris for sitt store historiske arbeid, som vil minne komande generasjonar om aldri å ta fridom for gitt.

Prisvinnarar Med dei tre prisane ønskjer Sunnmørsposten å lyfte fram personar frå Sunnmøre og Nordvestlandet som har utmerka seg positivt, og som kan inspirere andre. Heidersprisvinnarar Ragnar og Jenny Hermine Ulstein er her flankert av idrettsprisvinnar Martin Helseth og kulturprisvinnar Sigrid Solbakk Raabe.   Foto: Staale Wattø

pluss

– Heidersprisen går til eit ektepar som har utretta eit unikt og stort arbeid. Arbeidet deira er viktig for å minne om at fridommen vår har kosta og er noko vi aldri må ta for gitt, seier Hanna Relling Berg, ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten.

Sunnmørsposten har tradisjon for å dele ut prisar før jul, og i tillegg til heidersprisen blei også Sunnmørspostens idrettspris og Sunnmørspostens kulturpris delt ut under julelunsjen i avisa fredag.

Lesarane medverka

Lesarane av Sunnmørsposten har i haust kome med forslag til kandidatar til Heidersprisen, før ein jury valde ut ekteparet Jenny Hermine og Ragnar Ulstein som vinnarar.

Hanna Relling Berg trekte fram Ragnar Ulstein sin innsats under krigen i talen sin, og ikkje minst engasjementet hans og arbeidet med dokumentasjon etter krigen. Då bytta han ut våpen med penn og dokumenterte innsatsen til dei som deltok i motstandsarbeidet. Han gjorde også ein stor innsats for at krigsveteranane skulle heidrast, ikkje med medaljar, men med krigspensjonar.

– Han har eit brennande engasjement for fridom, menneskerettar og demokrati, sa Relling Berg som sat i juryen saman med samfunnsredaktør Jan Erik Røsvik og to tidlegare heidersprisvinnarar; Ann Elise Breivik og Karl Johan Skårbrevik.

Kan ikkje målast i kroner

Ragnar Ulstein trekte fram nettopp demokratiet i takketalen sin.

– Verdien av demokrati kan ikkje målast i kroner. Det er ein slags guddommeleg verdi, sa Ulstein og oppmoda Sunnmørsposten og journalistane om å jobbe vidare for demokratiet.

Kona Jenny Hermine er den som har gjort det mogleg for han å arbeide med historia. Ho har reinskrive intervju, og utan henne kunne han ikkje ha skrive så mange bøker.

– Det er veldig svært å bli sett pris på, sa ho då dei takka for prisen.

Roar fekk idrettsprisen

Sunnmørspostens idrettspris gjekk i år til roaren Martin Helseth i Aalesunds Roklubb.

– Han er inne i sitt første år på elitelandslaget i roing, men har allereie markert seg knallsterkt, sa nyheitsredaktør Sindre Halkjelsvik då han delte ut prisen til den unge roaren.

I år kan Helseth blant anna skilte med ein tredjeplass i verdscupen i dobbeltfiraren i Polen og sjetteplass i VM-finale i Florida.

Juryen har merka seg at han i staden for å ta fly eller bil heim til Ålesund i sommar, tok med seg hengekøya og sykla heim. Han brukte tre dagar på turen, i motvind og regn.

– Slik blir det einarar av, og det er dit han er på veg, sa Halkjelsvik og meiner det er realistisk å håpe på OL-medalje for Helseth i Tokyo om to år.

Kulturpris til artist

Artisten Sigrid Solbakk Raabe er tildelt Sunnmørspostens kulturpris.

21-åringen frå Ålesund har gjort stor internasjonal suksess dette året, og ho har stått på ei rekkje prestisjetunge scener både i Europa og USA. Store internasjonale media flokkar seg rundt henne.

–Tilsynelatande utan å gjere ein einast feil har ho hatt internasjonal storm-suksess og leverer popmusikk heile verda vil høyre, sa Kristin Knudsen, som er kultur- og reportasjeredaktør i Sunnmørsposten, då ho delte ut prisen.

Karrieren starta i Jugendteateret i heimbyen, først i rolla som Lille Karoline og seinare i hovudrolla som Putti.

– Midt i ei forrykande internasjonal karriere gir ho uttrykk for å sette så uendeleg stor pris på det kjende og kjære heime i Ålesund. Ho veit kvar ho kjem frå og gir ofte uttrykk for kjærleik til heimbyen. Hald fram med det, oppmoda Knudsen som sat i juryen saman med Janne Skarstein, kulturhusleiar i Ørsta, Momentium-grunder Lars Berg Giskeødegård og kulturjournalist Karin Rykkje i Sunnmørsposten.



Snart tid for prisutdelinger

Personer som fortjener å hedres

Sunnmørsposten deler hvert år ut tre priser: Idrettsprisen, Kulturprisen og Hedersprisen. Med denne tradisjonen ønsker vi å løfte fram personer i vårt område som har utmerket seg positivt, og som kan inspirere oss alle.

 

Sunnmørsposten med prisdryss over lokale helter:

De har markert seg internasjonalt

Sunnmørspostens idrettspris går i år til Karsten Warholm, kulturprisen til Ingrid Helene Håvik i Highasakite og hedersprisen til Elizabeth Hoff som leder WHO sitt nødhjelpsarbeid i Syria.