Ulstein Arena:

Uteståande timebetaling

Prosjekteringsgruppa har ikkje fått betalt sidan 2016 for arbeid dei har hatt på Ulstein Arena. Får dei ikkje betalt for timelistene sine blir det rettssak.

Symjehall Endringar i planane undervegs førte til ein del meirarbeid med prosjektering, melder prosjekteringsgruppa for Ulstein Arena. Og når arbeidet vart større enn førespegla fører det til at dei skal ha betalt for fleire timar. Kor mange timar det skal vere snakk om har ikkje Vikebladet Vestposten fått innsyn i. Dei skal også ha hatt ein del meirarbeid med avvikshandtering overfor entreprenørane i prosjektet, «til ei grad som går utover det ei prosjekteringsgruppe normalt kan vente», skriv dei.  Foto: INGVILD AURSØY MÅSEIDE, Vikebladet Vestposten

pluss

(Vikebladet Vestposten) Vikebladet Vestposten skreiv tidlegare denne veka at prosjekteringsgruppa for Ulstein Arena har saksøkt Ulstein kommune. Prosjekteringsgruppa representerer Lund + Slaatto Arkitekter AS, Arkitektkontoret Nils Tveit AS, Bjørbekk og Lindheim As, Dr. tech. Olav Olsen AS, Moe Rådgivende Ingeniører AS, ECT AS, SWECO AS, Rambøll Norge AS og Multiconsult AS. Stemninga er på 1200 sider.