Beste på 26 år

Over 500 fødslar i Volda

509 born vart fødde ved fødeavdelinga ved Volda sjukehus i 2017. Det er det høgaste talet på 26 år.

Blant dei beste Dei tilsette ved fødeavdelinga ved Volda sjukehus vert sett pris på. F.v.: sekretær May Iren Rød, jordmor Linn Moe, jordmor Marianne Dalhaug, jordmor Mariann Skjerdal, barnepleiar Else Marie Haavik, gynekolog Azita Mahmoudan og seksjonsleiar Gunvor Bergem Lia.   Foto: Rune Sæbønes, Møre-Nytt

pluss

(Møre-Nytt) Det er gode tider ved føde/barsel og gynseksjonen ved Volda sjukehus, som fødeavdelinga no heiter. Ikkje berre er det høge fødselstal, men i tillegg opplever avdelinga å verte opplevd som ei av landets beste av mødrene gjennom nasjonale brukargranskingar.