Kvinne tiltalt for svindel:

– Betalte med kredittkort som var stole frå postkasse

Kvinna i 20-åra skal ha stole eit kredittkort frå ein postkasse og handla varer for over 20.000 kroner.

Illustrasjonsfoto:   Foto: Kyrre Lien, NTB Scanpix

pluss

Ei kvinne frå Herøy må møte i Søre Sunnmøre tingrett tysdag og svare for ein tiltale om svindel.

Ifølgje tiltalen skal kvinna ha stole eit kredittkort frå postkassen til ein eldre mann. Kortet var skrive ut i namnet til denne mannen.

Forholdet skal ha skjedd i mai for snart to år sidan. I løpet av 20 dagar skal kvinna ha klart å lure tilsette i fleire ulike verksemder, slik at ho fekk betalt fleire ulike varer med kortet.

Slik skal ho har klart å få utlevert varer for ein samla sum på om lag 20.500 kroner. Dette skal ha skjedd både i Herøy og andre stader.

Ifølgje tiltalen førte handlinga til tap for den eldre mannen og/eller banken.


Kjøpte opplysningar i Russland

Tenåringar tilstår betalingssvindel

Gjennom ei russisk nettside kjøpte tenåringsgutane kredittkortopplysningar frå norske bankkundar. Slik skaffa dei seg datautstyr for titusenvis av kroner.



Sikkerhetseksperter vil ha slutt på pass i posten

Oslo (NTB): Norsk Senter for Informasjonssikring (NorSIS) vil ha slutt på at sensitiv informasjon sendes i posten. Av sikkerhetshensyn ønsker de at ID-papirer må hentes personlig eller i det minste sendes rekommandert.



Test din egen ID-sikkerhet

Redd for at noen kan stjele ID-en din? Test din personlige sikkerhet på nettet. Neste uke lanseres en tilsvarende test for næringslivet.

 
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
pluss