Valdtektssaka på søre Sunnmøre:

Vitne såg menn gå raskt etter kvinne

– Det verka som mennene følgde etter kvinna, fortalde ei kvinne som vitna i valdtektssaka torsdag.

Vitneboksen: Søre Sunnmøre tingrett har sett av seks dagar til å behandle den grove valdtektssaka frå ei lita bygd i distriktet. Aktor har kalla inn tolv vitne, i tillegg til to sakkunnige vitne. Dessutan har støtteadvokaten eitt vitne.   Foto: Staale Wattø

pluss

Søre Sunnmøre tingrett fekk torsdag høyre fleire vitne forklare seg om ulike observasjonar i samband med valdtektssaka som denne veka er oppe i retten.